Organisering av Aakerbue slektshytte

"Unge sysken" i stugu på Ihle, kan hende 1980+?

 

Bestemor Birgit gav hytta til borna sine i 1971 og hytta har vore eit sameige mellom dei fem. Dagens status er at Gunvor, Agnes og Brita eig hytta i sameige med Elsa og Anne Britt, Bente og Stein.

Det har ligge eit uttrykt ønske om at Aakerbue skulle vera familiehytte for slekta vår, men dei fem syskena rakk ikkje å koma fram til ei god løysing på dette i den tida alle var med. Utfordringa ligg i å finna ei form som kan løysa både dei ideelle, økonomiske og praktiske oppgåvene. Som alle kjenner til trur eg, har Stiftelse vore sett på som eit alternativ til dagens sameige som framtidig samarbeidsform.

Det synes ikkje vera mange tilsvarande hyttestiftelsar i drift, men etter litt googling kom me over hyttestiftelsen Dreyerbu. Dette er ei litt større hytte, men dei tok på same måte som hjå oss, utgangspunkt i ei mindre gruppe, i dette tilfelle etterkomarar etter tilsette i eit gamalt aksjeselskap. I praksis fungerar dette som ei bedriftshytte som ein har tilgagn på dersom det er ledig, eller etter oppsett turnus.

Tanken på ei omorganisering i staden for eit eller anna eigarskifte er ny for oss alle, og eg trur me har hatt bruk for tid til ettertanke også i etterkant av møte på Bingen 27/1-10. Situasjon er likevel slik at saka bør vidare og me må truleg samlast for drøftingar med noverande eigarar, eventuelt representantar for desse. 

JonS 1/3-14