27/7-14 Epost - Måling av hytta i starten av august?
Gode slektningar.
Brita og familien var på hytta forrige veke og rapporterer om flotte dagar, fredfulle omgivelsar, stor tur på Skarvet og hyggeleg lag. Sumardagar på Aakerbue er nesten .. det beste.
Dei ser også at det ville vera nyttig med eit nytt strøk med måling etter 14 år. Kunne me prøvd å samlast litt fleire til ein hyggeleg fjelldugnad ein av dei to fyrste helgene no i august? - Birgit og kan hende Ruth, evt. med forsterkningar har mulighet ei av helgene.
Kven av helgene 1.-3. eller 8.-10. august som er best kjem ann på kor mange som kan bli med og værutsiktene. Det er aktuelt med skraping/børsting, bytte av enkeltbord, måling av kledning, vindaugkarmar/rammer, vindskier og anna utvendig. Vert me mange kan me gjerne også sjå litt på fleire ting.
Svar på denne eposten:
Kunne kvar enkelt gjera ei vurdering og koma med tilbakemelding for begge helgene så snart som råd? Det er flott om alle kan svara uansett, enten det er aktuelt eller ei, og for begge helgene. Me samlar resultatet innan tysdag 29/7 og sender ut ein konklusjon.
Ikkje vent med å svara til jon@kva.no
Takk og helsing for Brita
JonS
20. mar, 2014
Utlysing av fyrste halvdel 9-13/4.
Tre dagar svarfrist innan torsdag 17/4.
Etter dette vert det eventuelt "fyrstemann til mølla".
15. feb, 2022
26. jan, 2022
28. feb, 2021
28. feb, 2021
22. jan, 2021
26. sep, 2020
22. mar, 2020
13. mar, 2020
7. mar, 2020
25. jan, 2020
4. jan, 2020
2. jan, 2019
1. jan, 2019
28. feb, 2018
29. jan, 2018
11. mar, 2017
6. mar, 2017
22. feb, 2017
18. feb, 2017
25. feb, 2016
21. feb, 2016
1. feb, 2016
24. des, 2015
23. mar, 2015
23. feb, 2015
30. jul, 2014
27. jul, 2014
26. jun, 2014
8. apr, 2014
23. mar, 2014
Hei igjen for påskeplanlegging
Lars Lystad melde raskt ifrå at det er uaktuelt for nokon frå Gunvor si side å bruke Aakerbue i år. Etter oppsette retningsliner for påska (http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578) går derfor muligheten vidare til alle slektningar slik:
1) Alle interesserte melder uforpliktande frå om dette på epost jon@kva.no, sms til 906224806 eller anna. Skriv gjerne kven dagar som kan vera aktuelle.
2) Frist for tilbakemelding settes til 9. mars, ein månad før "palmelaurdag".
3) Fordeling av dagar og plan for påska settes opp etter retningslinene og kontakt med dei aktuelle for vurdering og tilpassing.
Påske på Aakerbue er flott, hytta er godt budd og forholda ligg godt til rettes – meld frå om interesse :)
Venleg helsing
JonS
SMS:
Til registrerte Aakerbuslektningar
Aaskerbu er ledig for bruk av alle i påska, sjå epost. Meld uforpliktande frå om interesse innan 9. mars.
Helsing
JonS
Gode hytteslektningar.
Nytt år og nye mulighetar vert det sagt, ja me får håpe det og prøve å innretta oss som best me kan .
Årets påske kjem 9. til 18. april og Gunvor sine har tur i år. Det hadde vore hyggeleg om nokre av dykk fekk mange gode dagar i Havsdalen denne gongen. Det vil vera nyttig med tilbakemelding frå dykk innan februar, for at andre eventuelt kan melda interesse i rimeleg tid.
Prisjusteringar for straumkostnad.
Årets straumprisar har overraska dei fleste og me må alle betala dyrt for det me brukar. For å sikra drifta av hytta må me innføra dette prinsippet også på Aakerbue. I praksis vert det forhåpentlegvis ikkje dei store endringane, men spådomane for straumen spriker mykje.
Etter fleire samtalar med involverte, justerer me prisen slik at dagens leigepris (kr 150/75) gjeld for hytta, og at det vert tillegg for faktisk straum- og nettkostnad under hytteopphaldet.
I praksis les me av målaren frå nettsidene til Hallingdal Kraftnett etter opphaldet og finn fram til kostnaden. Les gjerne av straummålaren (foto) ved ankomst/avreise som ein kontroll. Typisk forbruk ei vinterhelg kan ligga på kring 150-200 kWh */- alt etter bruk og temperatur ute og inne. Me har ein type «Variabel fastpris» som i snitt ligge litt under spottpris i haust.
Då er det opp til den enkelte å innretta seg som ein vil ved bruk av straum eller ved, komfort og andre forhold utan at fellesskapet vert belasta. Ein får spara litt på straumen heime når ein er bortreist og heller legga dette i hyttekosen .
Hittil i år har me ingen avklarte tingingar utover vinter og vår, slå opp på nettsida for oversikt etter kvart.
Venleg helsing
JonS
Utlysing av ledige påskedagar til alle i slekta, med svarfrist sundag 7. mars.
Etter rask tilbakemelding frå Tora sine v/Anne Britt viser det seg at Stina Marie m/familie planlegg å bruka hytta, elles ingen frå Tora sine. Dei kjem opp skjærtorsdag 1. april og reise ned att sundag fyrste påskedag 4. april.
Fyrste del av påska 26/3 til 1/4 og siste dag 4-5/4 vert etter dette ledig for alle. Dei som ser mulighet for hyttetur kan då melda seg interessert med frist innan sundag 7. mars. Om det blir overlappande bruksinteresser vert det ei vurdering etter pkt. 3 i dei oppsette retningslinene. Avhengig av kven som viser interesse er det mulighet for alle, men med prioritet på dei som har brukt hytta minst.
Svar på SMS eller epost til jon@kva.no innan 7. mars.
Venleg helsing
JonS :)
Avklaring av påskedagar frå Tora sine slektningar.
Som opplyst i meldinga 22/1 er det Tora si grein som har tur på hytta i årets påske.
Så langt har det kome tilbakemelding frå Stina Marie m/familie om interesse for siste helga i påska. Me vonar resten av påska også vert brukt av dykk som har prioritet i år og ber om endeleg tilbakemelding med svarfrist innan fredag 5. mars.
Om det etter dette står att ubrukte påskedagar vert desse lagt ut til bruk for alle i slekta etter oppsette retningsliner på nettsida http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578.
Venleg helsing JonS :)
Godt nytt år til «Aakerbuslekta».
Det er hyggeleg å sjå at hytta vert meir brukt etter at me har fått forsterka straumen og RingHyttaVarm. No kan du koma til oppvarma hytte på fredag kveld, setta på kaffien og ta ein roleg kveld framom peisen som starten på ei god helg. Dette er bra og fleire ser denne muligheten for ein effektiv avstikkar frå kvardagen.
Vedlikehaldet i fjoråret vart ferdigstilling av tidlegare prosjekt som varme og soverom, men også oppstart på vindauga både innvendig og ute. For detaljer sjå http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778577.
Påska 2021.
Årets påske er 27/3 til 5/4, og etter alder i syskenflokken er det Tora si grein som har tur. Dette til orientering og påminning om at de alt no kan starte tankane kring bruken.
Etter ajourføring av slektsregisteret i haust er det kome fleire nye på distribusjonslista, totalt 44 slektningar :). For dykk kan det vera nyttig å sjå gjennom retningslinene for påsketildelinga på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578.
Enn så lenge er det mange ledige dagar og helger, både i vinterferie og mulighet for «pensjonistturar» for oss gamle i gamet.
Med gode ønskjer for dykk alle
JonS :)
Gode slektningar.
Vy reklamerer med tog til hytteferie i haust. Det er mulig med tog til Geilo, men no før kjem er det ekstra lettvint med bil til døra og «RingHyttaVarm» på Aakerbue :).
Hittil er det berre kome inn ei booking for haustferien, sjå http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778597. Det et er mange ledige dagar til hyttekos i varm hytte og fine haustfarger i fjellet, ta kontakt.
Etter ajourføring av mange nye namn og kontaktopplysningar i slektsregisteret http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778583 kjem denne meldinga til mange nye. Velkommen på distribusjonslista og god tur til Aakerbue når det høver.
Venleg helsing
JonS
Orientering til Aakerbuslekta.
Hyttepåske er i skrivande stund litt uavklart etter innskjerpa forbod frå myndighetane gjeldande fram til 3. april. Dessverre tyder vel alt på at dette vert forlenga, og at det framleis blir mange som får snudd opp ned på planer og daglegliv i år.
Etter at hytta vart lyst ut til alle melde Gro, Lars-Hermann, Steinar og Ø. til Anne interesse for seg og sine om påskeferie. Med utgangspunkt i «omvendt ansiennitet» i retningslinene på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578 og deling av påska i to, vil dette også vera rekkefølgja om nokon skulle få høve til å reisa oppover.
Det er mange uavklarte spørsmål som me må avfinna oss med i år. Den endelege kabalen kan ikkje leggast før det vert ei nærare avklaring frå myndighetane og direkte med dei det gjeld.
Med gode ønskjer for dagane framover,
venleg helsing
JonS
Gode slektningar.
Etter avklaring med alle på Arne si side viser det seg at ingen av dei har høve til å reisa til Aakerbue i påska.
Heile påska lyses ned dette ut etter innarbeidd praksis for fordeling vidare, sjå Påsketurnus pkt 2: «Påmelding med bruk av Kontaktsida, epost eller SMS innan 3 dagar etter annonsering. Meld frå kven dagar som er aktuelle (eventuelt etter prioritet), kven og kor mange personar som er aktuelle.»
Svarfristen settes til 17/3, og dei som har meldt interesse hittil vert teke med i vurderinga vidare.
Det meldes om flotte forhold i fjellet, og koronafri hytte
Helsing
JonS
SMS
Gode slektningar.
Ingen av Arne sine får brukt hytta i år og muligheten vert for alle. Sjå epost med svarfrist 17/3.
Helsing JonS
Til alle registrert om bruk av hytta i påska.
Me sende ut melding på epost 4. januar om at det er Arne si grein som har tur i år. Så langt har det ikkje kome tilbakemelding frå Bøckmanndsida, no ein månad før påske.
Etter innarbeidd praksis (sjå tekst på Påsketurnus) trengs det no eit signal om nokon av dykk av Arne sine tenkjer dykk oppover eller ei i påska. Gjev tilbakemelding enkeltvis eller samle så snart som råd og seinast innan tre dagar – 10. mars.
Som alle kjenner til er det viktig å få fylt påskedagane godt opp, derfor må me vera litt raske no.
Venleg helsing
JonS
SMS:
Gode Aakerbuslekt
Det er Arne sine som har påsketur i år, men me manglar tingingar no 1 mnd før påske. For info sjå epost eller http://aakerbue.no/.
Mvh JonS
Her legg me ut alle skriv om hytta og slekta. Det kan vera oppdatert informasjon og rundskriv, men også annonsering av ledige påskedagar på hytta og anna. Denne postkassa forenklar kontakten ut ved at me kan senda ein SMS til alle registrerte med link til denne sida. For kommunikasjon andre vegen gå til Hytteadministrasjon.
12. februar 2025
11. februar 2024
Påska 2025
18/3-25 Gode slektningar.
Då er påskeveka 12-19/4 tildelt Karin til SteinB med sambuar og familie.
Dette betyr også at:
For detaljer sjå https://aakerbue.123hjemmeside.no/188778576/188778578.
Eg har ikkje lenger tilgang til masseutsending av SMS via nettsida, derfor går årets meldingar berre ut på epost.
Helsing JonS 😊
12/2-25 Gode slektningar.
Då er det på tide med informasjon om bruk av hytta i påska for i år.
Elles er hytta ledig i vinterferien, så her er det fleire mulighetar.
Gjev tilbakemelding på epost jon@kva.no eller telefon/SMS til 90624806.
Med gode ønsker for vinteren frå
JonS 😊
Påska 2024
Gode Geiloslektningar 😊
Årets påske kjem 22/3-1/4 og det er Brita sine som har «påsketur på hytta». I praksis betyr det ar Randbysida har fyrstevalet fram til ein månad før påske, 22. februar. Det er nyttig med tilbakemelding så snart ting er avklart frå dykk.
Etter 22. februar vert eventuelle ledige dagar orientert om til alle, då med kortare svarfrist. Det kan vera greitt å tenkje litt mulighetar framover. Tildeling skjer etter innarbeidd praksis omtala på nettsida https://aakerbue.123hjemmeside.no/188778576/188778578.
Elles er me i vinterferietida og hytta er enn så langt ledig framover. Nytt høve til gode fridagar på fjellet.
God vinterhelsing frå
JonS
11. mars 2023
Aakerbue - ledige påskedagar påmeldingsfrist 16/3.
Gode Aakerbuarar
Då har Agnes sine kome med tinging for siste delen av påska frå skjærtorsdag (evt. langfredag) til andre påskedag.
Det betyr at hytta kan tingast av kven som helst frå «palmefredag» 31/3 fram til skjærtorsdag 6. april. Om det vert fleire som ønskjer same dagane finn me ut det etter oppsette retningsliner som før, dette brukar å gå greitt.
Meld frå kven dagar som er aktuelle, kven og kor mange personar som er aktuelle.
For å kunne samhandle set me first for denne påmeldinga til torsdag 16/3.
Venleg helsing
JonS
1. mars 2023
Påska 2023
Informasjon om årets påsketurnus ligg på nettsida eit par år i førevegen og kjem i år 31/3-10/4. Det er Agnes sine som har prioritet på bruken i år, men det forhindrar likevel ikkje at kven som helst kan koma på hyttetur på ledige dagar etter oppsett reglement på https://aakerbue.123hjemmeside.no/188778576/188778578.
På grunn av sein utsending i år ber me om rask tilbakemelding frå Agnes sine. Etter å ha fått denne oversikten sender me då ut invitasjon til alle for mulige ledige påskedagar etter oppsett plan.
Til alle tantunger på Bøckmann-sia
Etter å ha overtatt forvalteransvaret for Aakerbue fra min bror Arne Bøckmann, og hatt dette gjennom mange år, ser jeg at tiden er moden for å overlate ansvaret og pliktene til neste generasjon. Jeg synes ideen om å etablere et hyttestyre med én representant fra hver av de fem slektsgrenene er god. Jeg tror dette vil sikre samstemthet og god forvaltning av denne flotte arven etter bestemor på Ihle.
Forvalteroppgaven kan hvis ønskelig gå på rundgang mellom medlemmene av hyttestyret, mens jeg nå i første omgang overfører ansvaret og kontoen til Jon Sæland med virkning fra 1. januar 2020.
Lykke til med videre bruk av hytta, til glede for hele slekta.
Hjertelig hilsen
fra Brita Bøckmann Randby
25. januar 2020
Bingenvegen 51
1923 Sørum
Påska 2020.
Palmehelg/påskeveka i år kjem 3-13. april. Etter alder i syskenflokken er det Arne si grein som har turen i år. Det er fint om ein alt no kan starte planene for bruk i denne tida som er ei viktig inntektskjelde for hytta. Det er ei felles oppgåve å fylla hytta flest mulig dagar i påska, enten frå slektsgreina som har tur eller andre greiner.
Følg med på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578 etter kvart som påska nærmar seg.
Gode slektningar.
Me har fått ei rask avklaring frå Randbygreina om at dei brukar sin tur til bruk av hytta i årets påske.
Den endelege fordelinga vil bli publisert nærare påske til orientering for alle.
Takk for rask avklaring, og god planlegging vidare.
Helsing JonS
Godt nyår til heile slekta :).
Det nye året kom brått og planlagt også til Gvarv. Nattas varme vindar tek tak i ein elles stabil førjulsnø som har vore til glede for mange. Kvit jul vil me gjerne ha, også i desse miljøtidene. Det er liksom noko stabilt og trygt med den gamle gode vinterkulda…
Dei som kan gled seg til kvit påske på Aakerbu i år er Brita si slektsgrein etter gjedande turnus http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578. Påskeveka er 12-17. april så her er det berre å starte planlegging. For langtidsplanlegging er det Arne si grein fyrst til neste år, før me startar på ny runde med Tora sine i 2021.
Fjoråret ser ut til å bli eit brukbart år for hytta, med ein god del besøk. Oppdatert kalender og oversikt ligg på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778597. Gå gjerne gjennom lista for å kontrollera at kvar enkelt har betalt for sin bruk.
Som det går fram av kalenderen vart det likevel mange ubrukte helger og periodar, både med og utan snø. Hytta er lettare å bruka enn nokon gong og mykje ligg godt til rettes. Det neste større forbetringa det har vore snakk om er ein ekstra straumkurs, og fjernstyring av straum og varme. Dette vil gje større armslag for elektrisk forbruk, og gjera det lettare for alle.
REIS TIL FJELLS I DET NYE ÅRET, både for oss gamle og særleg til dykk unge. Her står mulighetane opne, så langt har me ingen tingingar for verken vinterferie eller helger utover.
Godt nytt turår,
med helsing frå
JonS
Til alle registrerte Aakerbubrukarar.
Då er årets påske på Aakerbue fordelt etter turnus til Agnes si grein slik: Steinar m/fam får fyrste del og Jon m/fam siste del av påskedagane. Samstundes minnes det om Brita sin tur neste år, før Tora sine er tilbake som den eldste i syskenflokken året etter.
Hytta har vore i bruk fleire gongen i vinter, og til helga arrangerer Turi syskenbarntreff blant barnebarn på Agnes si side på hytta. Det er gledeleg at neste generasjons brukarar er på tur inn som brukarar etter kvar. For vidare planlegging er det to ledige helger før påske og alle mulighetar etter. Skarvrennet går 21. april i år for den som har muligheten. Meir bruk gjev også inntekter til hytta, dette kjem godt til nytte etter nokre magre år med litt underskot på drifta.
Karen og Jon monterte opp to gode panelomnar i stugu i starten av februar. Etter dette kan det brukast tre kilowatt til sentral oppvarming. Dette gjev oss raskare varme, lunare hytte og enklare temperaturstyring med termostat.
«Nettbutikken» på heimseida (http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778587/category/33488/hytteleige-faktura) er pussa litt opp og det er svært ønskeleg at alle brukar denne ved oppgjør av leige. Er det framleis spørsmål om bruken så meld ifrå slik at me får retta det opp. Det kan vera litt maskinavhengige funksjonar.
Desse meldingane går berre til dei som er registrert med mobilnummer i «slektstreet» http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778583. Her er det mange som ikkje får info, og det er nyttig om dette vert retta opp etter kvart. Dette kviler særleg på oss eldre, emn alle må tipsa om ein oppdagar hol eller manglar.
Fortsett god vinter, helsing for hytteadministrasjon
JonS
SMS til alle: Til alle registrerte Aakerbubrukarar.
Då er årets påske fordelt etter turnus til Agnes si grein med Steinar m/fam fyrste del og Jon m/fam siste del. Neste år er det Brita sine sin påsketur.
Sjå epost eller Postkassa http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778607 for nytt og meir fyldig info frå hyttelivet.
Venleg helsing
JonS
Gode slekt og Aakerbuarar
Årets påske fell i veke 13, tida 23/3-2/4 og det er Agnes si grein som har tur på hytta i samsvar med oppsett «Påsketurnus» på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578.
For å sikra bruken av hytta i heile påska er det ønskeleg med avklaring om bruken frå Agnes i side så snart som råd, og seinast innan 23. februar.
Om det vert «ledige påskedagar» lyses desse opent ut til alle slektningar som ligg registrert med epost/sms, etter praktiserte retningsliner, sjå «Påsketurnus».
Denne meldinga sendes på epost og SMS. Vær nøye med å melda tilbake ved ulike adresseendringar for å halda kontakten. Meld gjerne også frå om nye som skal få direktemeldingar om hyttebruken etter kvart som generasjonane går.
OBS: Vinterferievekene er så langt ikkje tinga, så her er det mulighet for fine dagar på fjellet. Eller kva med ei skihelg i bakkane utanom hyttedøra?
Med venleg helsing
JonS
SMS: Gode slektningar.
Info om påska på Aakerbue 2018 er lagt ut på http://aakerbue.123hjemmeside.no/, og er sendt på epost.
Kontroller at du får melding begge stader og meld frå ved feil. Meld også frå om det er nye/fleire som skal leggast inn på distribusjonslistene.
OBS: Vinterferieveken og mange skihelger er framleis ledige.
Helsing JonS :)
Gode Aakerbuslekt.
Etter at påmeldingsfristen gjekk ut har påska vore oppe til avgjerd i hytteadministrasjon v/Brita og Stein. Årets fordeling av påska vart følgjande:
- Steinar m/fam får fyrste del 8-12/4, og
- Lars-Hermann m/fam får siste del 12-17/4.
Flott at me får fullt blegg på hytta i påska, også med "yngre brukarar".
Ellers minner me om:
- Bruk fakturamodulen ved alle leigeoppgjør, for å sikre gode bilag til rekneskapet.
- Ta med oska frå omn/peis ved avreise - i staden for å «grava ned i snøen». Dette etter ønske frå Elisabeth Aaker som haustar for på vollen om sumaren.
God tur og helsing for hytteadm.
JonS
Påminning om påmeldingsfrist for prioritert påmelding.
SMS til alle Aakerbukontaktar.
Det er framleis ledige påskedagar på hytta 7-12. april (ikkje mars..). Frist for prioritert påmelding er innan i morgon 7/3.
Venleg helsing JonS
Epost: Gode Aakerbuslekt.
Lars melde frå om at det ikkje vart nokon frå Gunvor si grein som kom til å bruka Aakerbue i år.
Etter dette vert heile påska, fortrinnsvis delt i minst to periodar disponibel for andre. Me brukar innarbeid praksis for tildeling til andre, og set påmeldingsfristen til ein mnd før påske, 7. mars fordi me fekk så tideleg avklaring frå Lars. Sjå Påsketurnus under http://www.aakerbue.no/ pkt 2: «Påmelding for interesse med bruk av Kontaktsida, epost eller SMS innan fastsett frist (ein månad før påske eller 3 dagar ved under ein månad før påske). Meld frå kven dagar som er aktuelle (eventuelt etter prioritet), kven og kor mange personar som er aktuelle.».
Etter påmeldingsfristen 7. mars vil Brita og SteinRa gå gjennom og finna ut kven som får bruka hytta etter oppsette retningsliner.
Helsing JonS
SMS: Til alle Aakerbukontaktar.
Ingen frå Gunvor sine kjem til å burka Aakerbue i år.
Påska vert etter det stilt ledig for alle etter retningslinene under Påsketurnus på http://www.aakerbue.no/, sjå også epost.
Svarfristen settes til 7. mars for å melde interesse for bruk av hytta. Meld dykk på med stor frimodighet.
Beste helsing JonS
Gode slekt, og godt nytt hytteår til alle.
Årets påske fell i veke 16, tida 7-17. april og det er Gunvor si grein som har tur på hytta.
Turnusen ligg fast på http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578, sjølv om denne påminninga vart litt forseinka i år.
For å sikra bruken av hytta i heile påska er det ønskeleg med avklaring om bruken frå Lystad så snart som råd, og seinast innan 7. mars.
Om det vert «ledige påskedagar» lyses desse opent ut til alle som ligg registrert med epost/sms, etter retningslinene som også ligg inne, og er brukt seinare år.
Etter vurdering av rekneskapet er leigeprisen justert opp 50% frå nyttår 2017, i samråd mellom Brita, Stein og JonS. Når justeringar skjer så skjeldent vert det litt større hopp for å følgje kostnadsida, men me har uansett låge prisar.
Hytta er like fin å bruka dagar/helger utanom påska, sjå Reservasjonssida for planlegging.
Denne meldinga sendes på epost og SMS. Vær nøye med å melda tilbake ved ulike adresseendringar for å halda kontakten. Meld gjerne også frå om nye som skal få direktemeldingar om hyttebruken etter kvart som generasjonane går.
Med venleg helsing JonS
SMS: Gode slektningar.
Info om påska på Aakerbue 2017 er lagt ut på http://aakerbue.123hjemmeside.no/, og er sendt på epost.
Kontroller at du får melding begge stader og meld frå ved feil. Meld også frå om det er nye/fleire som skal leggast inn på distribusjonslistene.
Helsing JonS :)
Gode slektningar.
Me publiserte 24/3 som felles frist for påmelding for bruk av ledige påskedagar. Pr dato er det ingen som han meldt interesse. Under drøfting med Brita vurderer me det slik: No har alle fått høve til å melda seg likeverdig i ein prioritert og ordna kø. Når det ikkje er nokon som har meldt seg vert ledige dagar behandla som elles i året, etter prinsippet fyrstemann til mølla.
Ser nokon muligheten etter kvart så ta kontakt.
Venleg helsing
Brita og JonS
Gode slektningar.
Anne Britt og Kai vert på hytta frå palmehelga og til påskeeftan, muligens noko saman med ungane. Andre frå Tora sine er ikkje aktuelle i år.
- Etter dette vert dagane frå påskeeftan til andre dag (26-28/3) ledig for andre. Desse dagane lyses med dette ut med 3 dagars påmeldingsfrist, dvs. innan 24. februar. Sjå Påsketurnus pkt 2: «Påmelding med bruk av Kontaktsida, epost eller SMS innan 3 dagar etter annonsering. Meld frå kven dagar som er aktuelle (eventuelt etter prioritet), kven og kor mange personar som er aktuelle.».
- Etter påmeldingsfristen 24/3 vil Brita og SteinRa gå gjennom og finna ut kven som kan bruka hytta etter oppsette retningsliner.
Helsing
JonS
PS: Vær nøye med å melda frå om endring av mobilnummer og epost. Kontroller og meld gjerne frå om endringar i slektstreet og også om nye namn de vil ha inn på distribusjonslistene.
Hei alle frå Rotnebo. Gvarv 1/2-16.
Påska nærmar seg og som tidlegare varsla er det dykk som har tur i år. Me vonar de får brukt hytta både mykje og rikeleg, det hadde vore hyggeleg etter lang tid sidan sist for nokon av dykk.
Fordelinga dykk imellom ordnar de sjølve. For orientering er det likevel nyttig med tilbakemeldingar (jon@kva.no) etter kvart som ting vert avklart. Alle svar vert kronologisk lagt inn på nettsida http://aakerbue.123hjemmeside.no/188778578, for alle.
Om de ikkje skulle få brukt hytta alle dagane går muligheten til andre i neste omgang, men fyrst etter at alle dykk har gjeve tilbakemelding. Av den grunn er det fint om me kunne prøve med ei endeleg avklaring frå dykk innan 21/2, ein månad før påske.
Lukke til med planlegginga,
helsing JonS
PS - meldinga vert sendt til alle for orientering.
+ SMS til alle ni frå Rotnebo.
Gode slekt.
- Status på hytteoppgraderingar etter sumaren er installert dusjkabinett, ny do, oppussing av brannmur og dørene på kjøkken. Leit fram helger for ein fjelltur i vinter, no ligg det godt til rettes.
- Elisabeth Aaker har oppfordra oss til å legga om praksisen for osketømming. Ta denne med dykk - i staden for å «grava ned i snøen»…
- Påska 2016 (18/3-28/3) er det greina etter TORA sin tur på hytta. Begynn planlegging av dette alt no, slik at me får avklaring i tide, og hytta kan bli brukt optimalt.
Elles nyttar me høver til å ønske alle ei god julehøgtid og alt godt for det nye året.
JonS :)
Gode slektningar
Løysinga av årets påskebruk er i innspurten:
- Etter mange år sidan sist, får Hilde nytta seg av hytta i siste del av påska, onsdag til måndag. Det er flott. Beklaglegvis vart ikkje dette avklar før i dag, dels på grunn av eit par meldingar som ikkje har kome rett fram. Det får me sikre betre eit anna år.
- Fyrste del av påska fram til onsdag er då ledig. Etter fjorårs praksis skal dagane då fortrinnsvis gå til dei som har brukt hytta minst, inklusive barn og barnebarn.
I tida sidan fyrste melding om påsketurnusen 23/2 har må fått litt oversikt og så langt ser det ut til å vera få aktuelle brukarar, så meld dykk med stort frimot.
På grunn av kort tid til disposisjon må me be om tilbakemelding INNAN DAGEN I DAG 23/3 - frå dei som kan vera aktuelle. Denne meldinga sendes også på SMS for raskare kontakt.
OBS – vær nøye med å melda frå om endring av mobilnummer og epost, også for nye de vil at skal inn på distribusjonslistene.
Helsing JonS
Gode slektningar
Fyrst av alt må eg få gje uttrykk for all medkjensle og smerte me som slektningar kjenner saman med Ingrid og Jostein desse dagane.
Eldste dotter Ida omkom natt til forrige måndag 16/2 uventa for alle, truleg etter eit epileptisk anfall heime på hybelen i Oslo.
Alt vert fattig i ei slik stund, og verda stoppar med rette opp. Måtte de likevel få styrke til å sjå framover, også etter gravferda til fredag 27. Fred med dykk.
For oss andre går kalenderen mot påske, og dette vert ei lita påminning om at det er Arne si grein som har tur til Aakerbu i år. Kan hende me også får nye dusjveggar på badet (sjå "Vedlikehald") innan den tid? Kunne de samordne dette dykk imellom og gje tilbakemelding av planene om ikkje lenge?
Om det vert ubrukte dagar frå Arne si grein - vil desse kunne utlysast til alle etter same retningsliner som i fjor, sjå "Påsketurnus".
Flott om nokon av dykk får høve til å bruke hytta i år som påska kjem så tidleg.
Beste helsing JonS
Takk for respons frå mange på spørsmål om dugnad. Fleire ha kommentert den korte fristen med rette, men muligheten baud seg for nokre og då prøvar me.
Fyrstkomande helg vert kutta ut pga. værmelding med regn, men me får truleg til ein fellesdugnad kring neste helg 7-10 august.
Så langt er det Brita og Agnes sine som ligg best ann, men den endelege kabalen er ikkje i hamn. Birgit har høve ein vekedag om det kunne gjera det enklare for andre å bli med. Ein bør vera tre, helst fire både for hygge og nytte.
Ta evt. kontakt om desse opplysningane skulle opna nye mulighetar.
JonS
Gode slektninga.
Brita foreslår måling av hytta ein av dei to fyrste helgene i august. Sjå eigen epost evt. i postkassa herunder om dette. OBS - tilbakemelding frå flest mulig innan tysdag 29/7. Svar gjerne på denne eposten - går til jon@kva.no.
JS
Lars Øyvind sende oppgradering av slekta etter Arne pr. 26/6, sjå Slektstreet for detaljar.
Med det er gjenstår det ikkje mykje før treet er komplette, og me har eit greit oppslagsverk. Send gjerne nye ting som er aktuelle å ta med i treet, dess meir jo betre. Finn de feil eller manglar så meld frå.
JS
Etter aktiv oppfordring og purring til alle aktuelle i slekta om å bruka hytta i påska er det likevel ingen som har meldt frå om at det er aktuelt for dei. Sein påske gjer at fleire får kollisjon med vårarbeid, men ellers har nok mange ein kabal som det ikkje er så lett endra på sjølv om det denne gongen var nesten ein månads varsel. Dette må me ta betre høgde for vidare og få slike avklaringar tidlegare i gang.
Familien Karen/Jon satsa i fyrste omgang på påsketur til Tvillingbu. Når no muligheten likevel byr seg på Aakerbue teiknar dei seg for siste del av påska.
Heile påska 2014 vert ledig i år fordi Lystad ikkje får brukt sin tidlegare rokkerte tur, og seier frå seg denne.
Alle vaksne kan melda si interesse for bruk og fordeling vil skje etter retningsliner under Påsketurnus.
I praksis vil fleire frå Tora og Arne sine greiner ligge godt ann under årets prioritering, men den enkelte vert vurdert uavhengig av slektsgrein, så her har alle sin mulighet.
Skriftleg påmelding, for orden skuld via Kontaktsida.
Påmeldingsfrist innan 26/3 2014.
For spørsmål sjå Kontakt
Det er ledige påskedagar som vert annonsert innan sundag 23/3 i samsvar med forslag til retningsliner, sjå under Påsketurnus.
VIKTIG: Sørg for at de har registrert aktuelle namn, epost og telefonnummer også for «ungane», klar for å ta imot årets tilbod. Send til jon@kva.no
28/3 2014 Epost - Påskedagar 2014 - siste opprop:
Gode slektningar
Me har registrert fleire tremenningar på distribusjonslistene for slekta, velkommen til dykk.
Bruk av Aakerbue i påska 2014:
Kom gjerne med tilbakemeldingar uansett, enten de kan eller ei. Svara på denne meldinga kjem godt fram.
Det trengs ei rask avklaring (innan sundag 30/3) også for å få booka hytta uansett.
Takk og helsing JonS
23/3 2014 Epost - Påskedagar 2014
Hei! Jon Sæland har sendt deg en lenke til denne siden: Hyttebruk
Heile påska 2014 vert ledig i år fordi Lystad ikkje får brukt sin tidlegare rokkerte tur, og seier frå seg denne.
Alle vaksne kan melda si interesse for bruk og fordeling vil skje etter retningsliner under Påsketurnus.
I praksis vil fleire frå Tora og Arne sine greiner ligge godt ann under årets prioritering, men den enkelte vert vurdert uavhengig av slektsgrein, så her har alle sin mulighet.
Skriftleg påmelding, for orden skuld via Kontaktsida.
Påmeldingsfrist innan 26/3 2014.
For spørsmål sjå Kontakt
20/3 2014 Epost - Introduksjon av nettsida www.aakerbue.no
Gode barnebarn etter bestemor Birgit Gvarv 20/3 2014
Me har eit felles opphav og ei felles hytte i Havsdalen, Aakerbue som føres vidare frå røtene våre på Geilo. I samband med samtalar kring framtidig organisering av felleseige i hytta har det vore lansert tanken om ei nettside for bruk i slekta. Denne har me arbeidd med litt over tid, og ser at den vil kunne fylla ein viktig funksjon oss i mellom, særleg etter kvart som generasjonane kjem og går.
I samarbeid med Brita som no administrerer hytta, har Jon Sæland og Stein Randby utarbeidd eit fyrste utkast til fellesside, www.aakerbue.no. Her vil de finna opplysningar om Aakerbue, med praktiske ting, påsketurnus, rekneskap og anna, men like viktig opplysningar om slekta og utviklinga av denne. For vår del har me også lagt inn ein praktisk oversikt over Tvillingbu for å samle hyttedrifta på ein stad.
Eit berande prinsipp i alt samarbeid er informasjon og lik behandling. Ved bruk av nettsida i kombinasjon med epost og SMS vil me på ein enkel måte sikre at alle får felles opplysningar og mulighet til å bli med på bruk og drift av hytta framover. For å få dette til vert det VIKTIG at kvar enkelt av oss ajourfører kontaktopplysningane for seg og sine.
Som slektningar har me mykje felles arv i både gener og miljø, og erfaringa er at det ofte skal lite til for å ta opp ein kontakt eller halda denne ved like. Ved å bruka nettsida som informasjonsbase for hendingar i slekta, oppdaterte adresser, telefon og litt opplysande stoff kan me legga til rettes for utvida kontakt og samkvem oss i mellom. Det er alltid hyggeleg og godt å treffe slekt, sjølv om det i periodar kan verta kring ei grav. Kunne me auka kontakten og slik styrka røtene våre ut over dei faste møtestadene ville det vera nyttig for både nåtid og ettertid.
For å sikra kontakten ut i slektsgreinene foreslår me at den eldste i kvar slektsgrein, eller ein delegert får ansvar for tilsyn, ajourhald og samordning for slektningane i si grein. Sjå oppsett forslag til oppgåver under «Kontaktpersonane våre» på nettsida.
Påskeferie på Aakerbue 2014?
I forhold til turnusen vert det mange ledige påskedagar i år, og etter diskusjonar mellom Brita, SteinR og JonS har me sett opp forslag til fordelingsordning for slike dagar, sjå Påsketurnus på nettsida. Ein overordna tanke er at ledige dagar fyrst skal kunne brukast av dei som har brukt hytta minst. I praksis vil brukarar frå Tora og Arne sine greiner ligge godt ann i år, men fleire vil kunne vera aktuelle.
Ledige påskedagar for i år vert annonsert innan sundag 23/3. Sørg for at de har registrert aktuelle namn, epost og telefonnummer også på «ungane», klar for å ta imot årets tilbod. Send til jon@kva.no. Denne eposten sendes til alle barnebarn, neste vert sendt til alle som er registrert.
Kom med ris og rettingar, og bli med på utviklinga til felles beste. Me må prøva oss litt fram …
Med helsing for nettsida
Jon Sæland
19/3-14 Epost - Spørsmål til mulige kontaktpersonar:
Til Anne Britt, Lars, Anne, JonR og SteinB
«Takk for sist» til dei fleste av dykk i forhold til prat om Aakerbue. Det er alt blitt år sidan samlinga på Bingen då alle slektsgreinene var representert, om enn med andre enn dykk. I forhold til tema med framtidig organisering frå dette møtet, ligg framtida open og kan hende til modning.
Like viktig er det å få hytta godt i bruk og å tilpasse administrasjon dei mulighetane som ligg tettare kommunikasjon med alle. Me har gått vidare på tanken om ei nettside og vil gjerne ta i bruk denne www.aakerbue.no så snart som råd. I kombinasjon med eit ajourført epost- og telefonregister trur eg me fort vil merke styrken i denne fellesinformasjonen.
Brita, SteinR og eg har diskutert dei praktiske sidene kring nettsida, og me foreslår at de, som dei eldste i kvar slektsgrein får ei særleg oppgåve som kontaktperson og koordinator for dykkar grein. Omfanget av dette er skissert i fire punkter nedanfor og denne eposten er tenkt sendt ut til flest mogeleg i slekta for introduksjon av nettsida.
Spørsmålet til dykk er om de kan stilla opp som kontaktperson over for syskena dykkar med familiar, og at de vert ført opp slik de no ligg inne under «Kontaktpersonane våre». Sjå også gjennom resten av nettsida og kom gjerne med tilbakemeldingar før denne vert endeleg distribuert. Alle innspel og rettingar vil vera nyttige jo før jo heller.
Med ønske om raskt tilbakemelding og venleg helsing
Jon Sæland
90624806