For drift av dagens hytte, mellom fem sysken har det ikkje vore bruk for vedtekter. Dette er har dei ordna opp i seg i mellom som sysken og på muntleg vis.
Når me no går vidare og tenkjer oss samarbeid mellom syskenbarn og barnebarn vert det avgjerande å ha faste retningsliner og forhold kring drift og bruk av hytta.
Gode vedtekter som tek høgde for flest mulig situasjonar både under etablering, drift og oppløysing er opplysande og avgjerande for all type samararbeid mellom ulike partar. Det er mange malar å ta utgangspunkt i og mange av oss er med i fleire samarbeid både av økonomisk og ideel art, men både positive og kan hende negative erfaringar.
For 200 år sidan sette Eidsvollmennene opp grunnlova for Noreg, for oss vert dette eit enklare prosjekt når me bygger vidare på dei erfaringane me har.