Her kan me legga inn meir av historia knytt opp både til slekt og hytta til informasjon for nye skot på slektstreet. Under er kopiert inn delar av eit skriv Agnes og Brita sette opp før møtet på Bingen november 2010.
Kjære dykk alle!
Her kjem det ei orientering om Aakerbue, hytta vår i Havsdalen i Hol kommune. Aakerbue er ei gammal sæterbu.
Me 5 ungane til Birgit Aaker og Stein Bøckmann; Tora, Gunvor, Agnes, Brita og Arne fekk overført Aakerbue til eit felleseige i 1971. Dvs. me arva Aakerbue etter mor vår Birgit. Ho arva den etter far sin Gunnar L. Aaker som døyde i 1947.
Morfar vår, Gunnar kjøpte ein jordteig inntil sætervollen tidleg på 1900-talet og han var ein av dei fyrste som kombinerte sæterdrift og turisme. Turismen auka svært etter at Bergensbanen vart opna i 1909.
Når mor arva Aakerbue i 1947 leigde også ho ut hytta til byfolk frå Bergen fram til at me ungane overtok i 1971. Me 5 søskena har hatt samdrift i snart 40 år. Det gledde oss alle at me arva denne fjellarven i lag.
Når vår Birgit mista mor si Turi Brusletto når ho sjølv var berre 7 år. Når morfar Gunnar gifte seg oppat med Anne Slotto, vart det skifte, arva mor då ei stor kiste frå Brusletto, som Brita arva etter mor. Mor, Lars og Ola fekk ellers nokre småting, så morsarven vart liten. Eg trur at Aakerbue etter morfar Gunnar vart eit gildt plaster på såret.
Agnes og Brita 12/11-10